Bloggen Vergil Magasin er født. Se vergilmagasin.blogspot.com!
Fra 1. juni 2011 vil artikler og faglig påfyll om dialog, salg og kunderelasjoner legges ut på bloggen i stedet for her på vergil.no. Nyhetsbrevet, som også heter Vergil Magasin, lever i beste velgående og du kan melde deg på via skjema på høyresiden på bloggen.
Hilsen,
Elisabeth Kilberg Skallevold
1:1 rådgiver og skribent, Vergil as
e: elisabeth@vergil.no
t: 900 77 4 99
Kva framtida byr på?
Det var så befriende å lese akkurat denne artikkelen at vi bare måtte dele den. For vi tror selvfølgelig på verdiskapende dialog, og har smertelig erfart gjennom årene at det IKKE kommer av seg selv. Men moro er det, når det virker ...
Her er resten av saken, av Arne Hjeltnes - adm.dir. Creuna
Foto: CF Kolonihaven
PS. Du treffer Arne Hjelpnes på Software 2011, 8.-10. februar 2011 i Oslo i regi av Dataforeningen.
- Det er ikkje mange år sidan den vesentlege delen av kommunikasjonen var einvegskøyrd; frå trykte aviser, riksdekkande medier, annonser og reklamefilmar. Bodskapen skulle fram og nokon annan reaksjon enn kjøp, var eigentleg ikkje venta av mottakaren.
Slik er det ikkje. No er sjølv store aktørar i mange og direkte dialogar med sine sluttbrukarar. Våre ungar tek kontakt med avsendaren av bodskap og ventar seg eit svar. Å klara og handtera denne dialogen er den verkelege utfordringa i framtida, ikkje kva slags utstyr eller plattform dialogen går på.
Den som skapar verdi gjennom ein slik dialog vil få ei ljos framtid. Dei som held fram med å dytta bodskap ut i den stadig meir fragmenterte verda, vil slita.
Difor klarar ikkje eg å gå av hengslene kvar gong det dukkar opp eit nytt verktøy, ein kulare datamaskin, ein mobil med større skjerm eller ei ny nettstad. Det som verkeleg overraskar meg, er når bruken endrar seg, når det skapast nye kommunikasjonsformer, når nye forretningsmuligheiter opnar seg. Det er nok å peika på korleis ny teknologi og bruken av den har revolusjonert musikkbransjen eller reiselivet.
No for tida skal alle ha ein App. Fordi det er så kult. Ofte kan ein App vera akkurat det som skal til for å skapa endå meir verdi i relasjonen ein har til forbrukaren eller kanskje til og med skap ny forretning. Men nesten like ofte kjem det Appar, som slett ikkje skapar noko. Og då er digital kommunikasjon like verdilaus som ei annonse på trykk som ingen bryr seg om.
Det som gjer meg til teknologioptimist er at dei som har gode forretningsidear vil ha gode vilkår for og lukkast, viss dei klarar å bruka digital dialog til sin fordel. I gamle dagar var det dei med størst reklamebudsjett som vann. Slik er det ikkje lenger.
Vinnarane i framtida er dei som klarar å bygga ein verdiskapande dialog. Gjerne med ein App eller eit nettsamfunn. Det kjem slett ikkje av seg sjølv.
Tweet
Vergil.no rett i mailboksen?
Ønsker du et utvalg av artiklene fra Vergil.no rett i mailboksen. Tjenestene er gratis, men ved å takke ja aksepterer du å motta informasjon fra Vergil.
.: Klikk her for å registrere deg på mailinglisten
E-postadressen din vil aldri selges eller på annen måte videreformidles til 3. part. Æresord!

